Prosjekt Flatvadteina
Prosjekt Flatvadteina handlar om å restaurere ei gamal lakseteine i elva Driva i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Prosjektet er tufta på mykje idealisme. Tanken er å ta vare på - og halde levande - eit kulturminne som vi, og mange med oss, ser har stor historisk verdi.
For tida er det berre grunntrea av teina som ligg i elva. Den eigentlege teina er teke på land for ikkje å gå tapt i flom. Det er fem gardsbruk som har part i teina. No er den omfattande restaureringa i gang. Etter kvart som restaureringsarbeidet går fram, vil vi i denne sida følgje opp med informasjon om korleis arbeidet går. Så følg oss gjerne på eit spennande prosjekt!
Teina er i så dårleg forfatning at det må til ei total fornying av tremateriala. Tømmerhakane av jern kan brukast på nytt. Det er eit omfattande arbeid, særleg med "flakagarden", som har til føremål å lede laksen inn i teina. Oppstrøms skal det vere ein "demgard" for at teina skal få nok vatn ved låg vasstand. Det må leggjast mykje ny stein i "strøku", eller elvebotnen nedstrøms teina. Materiala til ei teine er for det meste rundtømmer. Men sjølve teinekista blir bygd av kraftig dimensjonert trelast. Til å halde det heile saman krevst ei stor mengd smidde tømmerhakar, boltar og spiker. Men først må grunntrea boltast til steinar i elvebotnen. Alt dette er eit stort og krevjande arbeid, som berre kan gjerast på låg vasstand, altså i vinterhalvåret.
Utan økonomisk støtte kunne dette aldri gått
Vi er stolte av at mange har sett verdien av prosjektet. Her er den eksklusive lista over dei som har gått inn med tilskott:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal, etter tilråding frå Sunndal kommune (SMIL- medel)
- Norsk Kulturminnefond
- Norsk Handverksutvikling (for dokumentasjon av byggemåte)
- Sunndal kommune
Søker sponsorar og dugnadsarbeidarar
Vi innrømmer gjerne at dette prosjektet inneheld usikre element. Det mest kritiske er arbeidskraft. Skulle ein leige inn entreprenørar til alt, kom aldri prosjektet i land på grunn av kostnadene. Difor set vi vår lit til at det finst folk som kan tenkje seg å bidra med dugnadsinnsats. Vi trur heilt sikkert det kan bli mykje moro der nede ved elva. Å vere med å dele æra for å ha redda eit unikt kulturminne kan da heller ikkje vere å forakte. Sjå meir om dette i Etterlysingar.
Kulturminne med nytteverdi for mange
Lakseteinene i Driva er kulturminne av rang. Men tida er knapp for å bevare dei for ettertida. Det er århundrelange røynsler som ligg bak ein slik konstruksjon. Byggemåten for teinene er unik, sjølv om teiner som prinsipp er nokså likt for fleire andre elver i landet vårt. Teinene i Driva måtte dimensjonerast for ei elv som til tider var ekstrem, der flom og isgang gjorde sitt beste for å slette det menneskeskapte. Difor var teinene ekstra kraftig bygde i Driva-vassdraget. Det står stor respekt av kva bygdefolket i Sunndal med enkle reiskapar fekk til. Vi skuldar våre forfedrar å ta vare på slik arv. Det er enno (så vidt) tid til å redde denne kunnskapen, ved å halde vedlike og drive det vi framleis har. Vår intensjon er å dokumentere den kunnskapen som enno finst. Først ved å restaurere og drive Flatvadteina etter "gammal oppskrift". Vidare ved å samle det vi kjem over av stoff også om andre teiner i Driva.
Ei lakseteine må opplevast
Det skal også seiast at det er eit vakkert - og mange vil sikkert seie - eksotisk syn å sjå ei lakseteine i ei vill og fossande lakseelv, kransa av snøkledde fjell. Ei slik teine vil avgjort måtte gjere seg godt som blikkfang i turistbrosjyrer. Men å oppleve eit slikt laksefiske på nært hald er langt sterkare! Som eigarar av Flatvadteina er vi stolte av dette, og kan gjerne tenkje oss å dele slike opplevingar med besøkande. Her inviterer vi reiselivsnæringa til eit samarbeid vi trur alle kan ha glede av.
Slik så det ut då teina var i drift.
Etterlysing
Dersom du har meir informasjon om teinene i Driva så hører vi gjerne frå deg. Ta kontakt med oss via epost til flatvadteina@sunndals.net eller sjå vår kontaktside.
Ein modell av korleis teina vil sjå ut i landskapet.
Teina før restaurering.