Korleis ein fangar fisk på lakseteine
Fisketid
Ei lakseteine fangar fisken når den vandrar oppetter elva for å gyte. Det er lov å fiske med teine berre tre døgn i veka. Det blir altså fire døgn helgefreding. Fredinga startar klokka 18.00 på fredag, og opphører klokka 18.00 på tysdag. Fredinga fungerer slik at den laksen som går inn i teina, går rett igjennom og vidare opp elva. Ein ser på lang avstand at teina er sett i fredingsmodus, da grinda som skal stenge laksen inne, er opna og stikk opp over toppen på teina.
Ei lakseteine må stå i elvestryk for å fungere. Fisken blir leia inn i teina ved hjelp av den lange "flakagarden". For å komme inn i teina må den passere kalven, som fungerer som ein "einvegsport". Fisken søker å komme vidare oppover, men møter grinda, og er stengt inne.
Fiske
Tysdag klokka 18.00 sleppast grinda ned. Da gjer ein ikkje anna på teina enn å eventuelt reinse for rask og drivved som kan ha lagt seg på konstruksjonen.
Neste morgon er det klart for å "vekkje" teina. Da legg ein først ut "kloppa" som skal hindre uvedkommande å ta seg ut på teina. Så går ein utpå med ei lang jernstong festa til eit kraftig treskaft. Jernstonga har krok i enden, forma som ein grov klepp. Er elva stor, er det som oftast uråd å sjå om det er fisk i teina. Da er kroken fin å ha for å kjenne om det er fisk, og kvar den står i teina. Er det fisk, stenger ein opninga i kalven med ei trestong eller fjøl, slik at laksen ikkje slepper seg tilbake der. Da er det klart for å bruke håven, som har ein firkanta profil med ca 3 m langt skaft. Det gjeld å få lurt håven framom nasen på fisken. Sleppe den tilbake med straumen til den eine kråa ved kalven, og på same tid vri håven slik at den ikkje hektar seg fast i kalven, men blir pressa mot sida av teina. Gjer ein dette rett, sit fisken i håven. Det er berre å dra forsiktig opp utan å miste fangsten. Men er ein ikkje påpasseleg nok, kan fisken lett hamne til ny fridom i elva.
Fiskekvantum
Det kan i heldigaste fall på nokre timar gå mange fiskar i teina. Men det er sjeldan. Det kan også ofte vere heilt tomt. Det er berre korte periodar at fisken "går" (oppover) i elva. Denne fiskegangen kan like gjerne skje i fredingstida. Det meste av fisken går sjølvsagt også utanom teina. Det er nemleg ikkje lov å stenge meir enn 1/6 del av elveløpet. Fire døgn fredingstid i veka gjer også at det normalt er meir laks som går igjennom teina enn det som blir fanga der. Det beste fiskeåret etter 2. verdskrig var i 1964, da det var rekordfangstar i Driva. Da syner statistikken at dei 10 teinene som da var i drift tok 3807 kg laks og sjøaure, altså vel 380 kg i snitt. Men det var fleire år det berre var omkring 100 kg fisk i snitt på teinene. Det kunne variere mykje kor godt ei lakseteine fiska. Somme fiska lite på låg vasstand, medan andre tok lite ved relativt mykje vatn. Men generelt kan ein seie at teinene var best når vassføringa var rimeleg stor, for da søkte fisken nærare land for å komme seg opp stryka, og måtte gå i teina.