Etterlysingar

Veit du noko om/frå andre teiner i Driva?

  • Fortel oss det du hugsar.
  • Alt av interesse. Bilete, historier, noko du eller andre har opplevd.
  • Vi vil gjerne publisere stoff om teinene her på desse sidene. Vil du ikkje at stoffet ditt skal publiserast her, men berre skrivast ned, vil vi også respektere det. Det viktigaste er dokumentasjon for ettertida.
  • Ta kontakt med oss. Vi hjelper til med å skrive det ned.

Kan du noko om teinebygging?

Ta kontakt med oss og fortel kva du veit om det å bygge teine. Dette fordi vi har sett at detaljar kunne gjerast ulikt, også på teiner i Sunndal. Flatvadteina er no ferdig restaurert. Vi har prøvd å gjere dette mest mogleg autentisk. Noko kunnskap er arva, noko er kopiert, noko etter andre sine råd, og noko er lært undervegs. Vi har først og fremst lært mykje om korleis Flatvadteina vart bygd – og mindre om andre teiner. Byggemåten er dokumentert med bilete, video og tekstar. Men for all del: Har du kunnskap om teinebygging, synes vi det er viktig at også dine kunnskapar blir dokumentert.

Sponsor for Flatvadteina?

Flatvadteina er ferdig finansiert og restaurert. Vi er over i driftsfasen. Det vil medføre kostnader å drive Flatvadteina. Først og fremst er det eit kulturminne som skal drivast – ikkje ei fangstinnretning, der det måtte gjelde å håve inn mest mogleg fisk. Flatvadteina vil vere eit blikkfang. Kan hende du synes det er interessant å syne fram verksemda di som sponsor saman med Flatvadteina? Kanskje vi kan ha felles nytte av kvarandre? Ta gjerne kontakt, så kan vi prøve ut om det kan vere interessant?

Epost: flatvadteina@sunndals.net