Eit unikt kulturminne i Sunndal

Flatvadteina er ei gammal lakseteine som vart ferdig restaurert til fiskesesongen 2008. Teina er bygd på ein plass i elva som det må ha stått teiner i hundrevis av år. No er det berre to teiner att i elva. På det meste kan det ha vore 50-60 slike teiner i vassdraget. Flatvadteina representerer ein fangstkultur som før hadde mykje å seie for folket som levde i bygda. Teinene var effektive fangstreiskap. Elva var rik på laks. Teinene representerte matauk og valutainntekt til bygdefolket. Det ein ikkje åt, kunne seljast.

No er det sportsfisket som dominerer. Det er lite laks. Kiloprisen er relativt liten, og ei teine er dyr å bygge og drive. Men har vi råd til å la denne fangstkulturen forsvinne heilt? Vi trur svaret er NEI!

Ei lakseteine bygd etter gammal Driva-oppskrift er unik, både kva gjeld design og byggemåte. Dessutan er det svært få teiner att i andre elver i landet. Vi har ikkje råd til å la slik kultur forsvinne. Dessutan trur vi at det, trass i låg laksepris, lite laks og høge driftskostnader, vil vere fullt mogleg å drive teina ved å drive fangst på denne gamle måten. Teina vil altså vere eit levande kulturminne i tillegg til å vere unik. Vi er rimeleg trygge på at mange synes det er interessant at teina får eksistere i elva. Om ikkje anna, så er teina blitt eit blikkfang i Sunndal. Det i seg sjølv har ein ikkje så reint liten verdi, vil vi hevde.

Sponsorar

LerVike ans Bredesen Graving og Transport AS

Epost: flatvadteina@sunndals.net